Ein britisk spion har endeleg gått for langt, og blir trekt frå nok ei teneste. Me får ikkje fortalt heile historia, men lærer på kort tid at Andrew Osnard spelt av Pierce Brosnan er ein sjølvstendig karakter som ofte tyr til uheldige metodar.
Han får ein siste sjanse som er ei utplassering i Panama. Eigarskapen til Panamakanalen blei gitt til Panama i 1997, og informasjon frå området om kva Panama gjer med eigarskapen er viktig for Storbritannia.
Osnard involverer seg straks med ein skreddar i Panama, som har eit godt kontaktnettverk med både politikarar og kriminelle. Det som speler ut seg herifrå og utover er ei rekke handlingar basert på løgner, som berre blir forsterka når både Osnard og informanten hans blir pressa for meir informasjon.
The Tailor of Panama har ei mørk form for humor, og i lys av filmane med Pierce Brosnan som James Bond er dette full klaff på skodespelarfronten. Då også denne filmen handlar om ein sjølvstendig handlande spion som gjerne bruker uortodokse metodar.
Sjølv om historia er passe god og skodespelarane ikkje er noko å utsette på, er det ikkje nødvendigvis den mest interessante filmen. Det er mogleg eg forventar noko meir storslått, mens denne leverer mange små trådar som gradvis blir fletta saman. Det er altså meir spenning eg saknar, elles har eg lite å utsette på The Tailor of Panama.