
The Telegraph Trail
John Wayne er helten i The Telegraph Trail. Det er kanskje ikkje den største overraskinga du kan få frå ein western. Men dette er ein tidleg film i karrieren hans, før dei rollane han vart mest kjend for.
John Trent (John Wayne) skal finne ut kven som står bak angrepa mot ei ny telegraflinje. Forretningsmannen Gus Lynch (Albert J. Smith) har økonomiske interesser i at området held fram med å vere isolert. Han får urfolk i området til å angripe arbeidet med linja.
Det er ei enkel historie om framsteg, pengar og ein mann som skal rydde opp. Filmen bruker urfolket som brikker i skurken sin plan. Det er den gamle westernlogikken som styrer, og ikkje noko nyansert bilete av forholda han skildrar.
Frank Showalter på Frank’s Movie Log (franksmovielog.com) er lite begeistra. Han meiner mellom anna at gjenbruken av opptak gjer den store skytescena langdryg, og at John Wayne framleis verkar uerfaren. Eg endar ikkje like lågt som han. Samtidig er dette lettare å sjå som ein tidleg film med John Wayne enn som eit høgdepunkt i karrieren.
Ein grei liten western. Telegraflinja gir konflikten eit konkret utgangspunkt, og filmen gjer omtrent det eg ventar av han.
