
The Tempest
The Tempest stod på programmet til filmfestivalen Katakombefilm 2013. Det er ei William Shakespeare-filmatisering av Julie Taymor.
The Tempest er ein pen film å sjå på, har ei handfull gode skodespelarar og ei heilt grei historie. Utover dette er filmen veldig varierande. Enkelte scener fangar, mens cirka like mange gir meg ingenting. Delvis på grunn av at replikkane blir framført som William Shakespeare skreiv dei, og at eg ikkje er heilt med på notane, men mest på grunn av at det drar ut med rare fantasigreier.
Elise Nakhnikian på Girls Can Play (girls-can-play.blogspot.com) meiner også at kostyme og effektar stundom tek merksemda utan å tilføre nok. Ho finn likevel langt meir glede i heilskapen, særleg fordi Helen Mirren gir Prospera ei kjenslemessig tyngde å feste seg ved. Eg blir ikkje like godt halden fast. Det pene og påkosta kan vere interessant å sjå på, men dei gode augneblinkane blir stadig avløyste av scener som ikkje gir meg særleg.
Eg ville nok ikkje ha sett The Tempest på eiga hand.
