Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Theory of Everything (2014)

The Theory of Everything

Film
3

The Theory of Everything er eit drama om ein mann som blir forelska, og ikkje lenge etterpå oppdagar at han har ein alvorleg sjukdom, og kort levetid.

Kvinna han er forelska i, er også forelska i han. Dei trassar dei dystre framtidsutsiktene ved å gifte seg. Legen gav han i utgangspunktet to år igjen å leve, men det viser seg at han vil overgå dette.

Det skal vere vanskeleg å unngå og nemna at The Theory of Everything er ein film basert på livet Stephen Hawking. At sjukdommen er motonevronsjukdom, og at filmen handlar om korleis han skulle leve lenger enn forventa og bli kjent for sine teoriar.

Det er denne tilknytinga til ei verkeleg historie som øydelegg mest for meg. Eg likar mykje av det The Theory of Everything gjer, men klarar ikkje riste av meg inntrykket om at filmen gjer ein del val basert på at noko må med i filmen fordi det har skjedd. Det høyres kanskje rart ut, men i blant blir filmar avgrensa av opphavshistoria si. På same måte som nokon filmar som er basert på bøker prøver å presse inn for mykje frå boka.

Det er nok til å legge ein dempar på kva eg tykker om denne filmen som eit drama, i lag med at filmen ved eit visst punkt punkterer noko, og eigentleg ikkje har ei spesielt interessant historie å fortelje vidare.

Skodespelet kan bere mykje, men ikkje nødvendigvis ei heil forteljing. Brendan Hodges på Keeping It Reel (keeping-it-reel.com) rosar Eddie Redmayne og Felicity Jones, samtidig som han meiner manuset deler historia opp i episodar og konstruert melodrama. Han er meir negativ enn eg er, men set ord på noko av problemet. Ei interessant opphavshistorie gir ikkje automatisk eit drama som held interessa oppe heile vegen.