The Theory of Everything er eit drama om ein mann som blir forelska, og ikkje lenge etterpå oppdagar at han har ein alvorleg sjukdom, og kort levetid.
Kvinna han er forelska i, er også forelska i han. Dei trassar dei dystre framtidsutsiktene ved å gifte seg. Legen gav han i utgangspunktet to år igjen å leve, men det viser seg at han vil overgå dette.
Det skal vere vanskeleg å unngå og nemna at The Theory of Everything er ein film basert på livet Stephen Hawking. At sjukdommen er motonevronsjukdom, og at filmen handlar om korleis han skulle leve lenger enn forventa og bli kjent for sine teoriar.
Det er denne tilknytinga til ei verkeleg historie som øydelegg mest for meg. Eg likar mykje av det The Theory of Everything gjer, men klarar ikkje riste av meg inntrykket om at filmen gjer ein del val basert på at noko må med i filmen fordi det har skjedd. Det høyres kanskje rart ut, men i blant blir filmar avgrensa av opphavshistoria si. På same måte som nokon filmar som er basert på bøker prøver å presse inn for mykje frå boka.
Det er nok til å legg ein dempar på kva eg tykkjer om denne filmen som eit drama, i lag med at filmen ved eit visst punkt punkterer noko, og eigentleg ikkje har ei spesielt interessant historie å fortelja vidare.