
The Thin Man
The Thin Man er den første av seks krimkomediar med William Powell og Myrna Loy. Nick Charles (William Powell) er ein tidlegare detektiv. Saman med den rike, artige kona Nora Charles (Myrna Loy) etterforskar han mordmysterium mest for gøy.
Etter fire år borte frå New York, er Nick tilbake til byen. Med kona Nora og hunden Asta. I filmen møter han mange eksentriske karakterar, blant anna ei viss Dorothy Wynant. Hennar far er mistenkt for mord, og Nick blir motvillig leigd til å etterforske.
Men Nora tykker dette er gøy, og lokkar mannen til å gå vidare med etterforskinga når han ikkje vil, og blir med sjølv. Hunden deira Asta er midt oppi alt dette ein artig karakter som fortener å bli nemnt.
Som krim eller komedie er ikkje dette storslege, men kurant underhaldning over middels. Med artige stunder, men utan å vere det store bidraget.
Mordgåta er mest eit påskot for samspelet mellom William Powell og Myrna Loy, meiner skribenten på Goodfella’s Movie Blog (goodfellamovies.blogspot.com). Han finn langt meir å glede seg over i den tørre dialogen og ertinga mellom ektefellane enn eg gjer. Eg ser at det er dei to som gir filmen mykje av særpreget. Likevel blir dei artige stundene for meg nettopp det, utan at heilskapen løftar seg til noko stort.
