The Thin Red Line - Filmdagbok

The Thin Red Line 1998

The Thin Red Line er filmatiseringa til Terrence Malick av historia om kva som skjedde i stillehavet under andre verdskrig, kor USA kjempa mot Japan.

Det er ein brutal film som tar seg godt ut reint visuelt sett, og blir fortalt i eit bedageleg tempo. Kontrastene blir lagt merke til, på godt og på vondt.

Først og fremst gjer den pene filmatiseringa dette til ein krigsfilm utanom det vanlege. Ikkje at det ikkje finst filmar som spelar på kontraster for å vise forskjellen på dei grufulle hendingane til krigen sett i lys av korleis lykkelege tider blir tolka, men The Thin Red Line bind det heile tettare saman, og blir si eiga greie med pen brutalitet, om det går an å seie det på den måten.

I blant tar filmen nokon avstikkarar som gjer at det heile blir dratt ut og blir ein litt for lang film. Det var ikkje uventa, og eigentleg forventa eg ein meir spesiell film av Terrence Malick. Men det er nok grunnen til at eg ikkje gir filmen ei høgare rangering, han er ikkje engasjerande nok heile vegen til å låse meg til skjermen.

Utover dette er det eigentleg ein god krigsfilm, som fortel ei side av andre verdskrig som gjerne hamnar litt i skuggen av brutalitetane i Europa.