The Thing - Filmdagbok

The Thing 1982

Nordmenn lagar bråk nær ein amerikansk base på Antarktis og lokkar den fargerike gruppa av yankees i trøbbel med imitasjonsglade organismar frå verdsrommet som er tint opp.

The Thing er John Carpenter frå tidleg 1980-tal. Når denne mannen gjer ting rett så står det ikkje tilbake på at resultatet blir bra. Ei gruppe menneske lokalisert utanfor allfarveg, som kjempar mot eit mystisk og truande vesen, er ei oppskrift som stadig blir kopiert. No påstår eg ikkje at John Carpenter var først ute, men han lykkast i å skape ei god og klaustrofobisk oppleving innan sjangeren.

Heller ikkje groteske bilde står det tilbake på. Deformasjonar, formasjonar og kroppsdelar i rask utvikling har eg ikkje sett liknande av anna enn hjå David Cronenberg. Når eg blir spart for dårleg dataanimasjon som her er det nok til at ting kjennest ekte, og ekkelt.

Lengda blir filmen si svakheit. Ein time og førti minuttar er ikkje all verda, men med ei historie som denne blir det dødtid mot slutten. For å gå feil retning, bakover i filmen, så vil kanskje nokon nikke og sei seg samde i når eg trekk fram celleutviklingssekvensen på dataskjermen til doktoren som unødvendig lang.

Små ting kunne ha vore annleis. Men heilskapen er god.