Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Thing About Harry (2020)

The Thing About Harry

Film
3

Ein enkel romantisk komedie med ei historie om to fyrar der tida aldri er rett. Det er ei kort og presis oppsummering av kva type film The Thing About Harry er.

Sam skal i ein trulovingsfest. Den kommande brura spør om Sam kan ha med Harry på køyreturen. Noko Sam motvillig endar opp med å seie ja til. Harry var ein av dei som mobba Sam på vidaregåande.

Det skal ikkje rakettvitskap til for å gjette at dette er starten på noko. Og det er i grunn desse to filmen handlar om heile vegen. Og korleis dei ikkje endar opp i lag, månader og år framover i tid.

The Thing About Harry treff godt på nokre kjensleladde stunder, og er slik sett ein god film innanfor sjangeren sin. Dette er ein sokalla TV-film, og det er ikkje alltid dei siktar så høgt eller treff så godt.

Det vanlege ved historia er ein styrke skriv Ramblings of a Supposed Writer (georgeapp137.wordpress.com). Skribenten set pris på at filmen let vennskap og romantikk få utvikle seg, utan at det å kome ut eller møte homofobi må vere hovudkonflikten. Det gir ein annan verdi til den enkle forma eg likar her. To menn får vere med i ei kjend kjærleikshistorie, med dei same små hindringane og kjenslene som sjangeren elles lever av.

Filmen treff mindre godt på andre ting. Men for ein gongs skuld skal eg la vere å nemne dei. Eg vil heller berre sei at dette er ein ganske rett fram film utan store overraskingar eller nyskapande innhald, men om det er enkelt du leitar etter, så kan det fungere. Difor ingen gjennomgang av mindre gode ting her.