The Thing About Harry - Filmdagbok

The Thing About Harry 2020

Ein enkel romantisk komedie med ei historie om to fyrar der tida aldri er rett. Det er ei kort og presis oppsummering av kva type film The Thing About Harry er.

Sam skal i ein trulovingsfest. Den kommande brura spør om Sam kan ha med Harry på køyreturen. Noko Sam motvillig endar opp med å seie ja til. Harry var ein av dei som mobba Sam på vidaregåande.

Det skal ikkje rakettvitskap til for å gjette at dette er starten på noko. Og det er i grunn desse to filmen handlar om heile vegen. Og korleis dei ikkje endar opp i lag, månader og år framover i tid.

The Thing About Harry treff godt på nokre kjensleladde stunder, og er slik sett ein god film innanfor sjangeren sin. Dette er ein sokalla TV-film, og det er ikkje alltid dei siktar så høgt eller treff så godt.

Filmen treff mindre godt på andre ting. Men for ein gongs skuld skal eg la vere å nemne dei. Eg vil heller berre sei at dette er ein ganske rett fram film utan store overraskingar eller nyskapande innhald, men om det er enkelt du leitar etter, så kan det fungere. Difor ingen gjennomgang av mindre gode ting her.