
The Three Burials of Melquiades Estrada
Ein god film på eit høgt nivå, men av den typen eg finn det vanskeleg å skrive så mykje om. Han får fram kjensler som hat og sinne, medkjensle og ein heil del andre ting.
Folka er av den typen eg ikkje stiller meg spørsmål om dei er bra eller dårleg tolka, fordi det enkelt nok er ganske godt. Barry Pepper har eit ansikt som osar av dritsekk, og Tommy Lee Jones gjer det overbevisande som ein autoritær person. Sjølvsagt er dei meir enn som så, for i ein film på dette nivået så held det ikkje med stereotypar.
I The Three Burials of Melquiades Estrada skjer det veldig mykje, og filmen har ei god utvikling. Både i tankane mine og på skjermen var eg ved slutten milevis frå der eg var i starten. Det var ikkje nokon sjanse til å bli lei av plassen eller handlinga her, og likevel blei det ikkje ei overflatisk surfing i hurtig tempo heller.
Robert J. Lewis på Movieforum (movieforumblog.blogspot.com) meiner filmen blir eit særleg konsentrert persondrama når dei ulike forteljingane møtest om lag halvvegs. Han rosar dei samansette figurane og finn dessutan mykje tørr, mørk humor. Det set ord på noko av rørsla eg likar her. Historia flyttar seg langt utan å miste menneska av syne, og alvoret stenger ikkje for merkelege eller morosame innslag undervegs.
