Ein god film på eit høgt nivå, men av den typen eg finn det vanskeleg å skrive så mykje om. Han får fram kjensler som hat og sinne, medkjensle og ein heil del andre ting.
Folka er av den typen eg ikkje stiller meg spørsmål om dei er bra eller dårleg tolka, fordi det enkelt nok er ganske godt. Barry Pepper har eit ansikt som osar av dritsekk, og Tommy Lee Jones gjer det overbevisande som ein autoritær person. Sjølvsagt er dei meir enn som så, for i ein film på dette nivået så held det ikkje med stereotypar.
I The Three Burials of Melquiades Estrada skjer det veldig mykje, og filmen har ei god utvikling. Både i tankane mine og på skjermen var eg ved slutten milevis frå der eg var i starten. Det var ikkje nokon sjanse til å bli lei av plassen eller handlinga her, og likevel blei det ikkje ei overflatisk surfing i hurtig tempo heller.