
The Three Musketeers
Ein film eg hadde lyst å sjå som ung var The Three Musketeers. Så gjekk åra, og filmen har tidvis variert mellom å vere i gløymeboka eller ikkje bli prioritert. Fram til denne Disney-rike filmperioden rundt juletider. Dette er både litt dristig og spennande, men også litt for typisk og prega av si tid. Så eg kjem ikkje heilt under huda på filmen, men er glad eg endeleg fekk sett han.
Samspelet mellom dei fire hovudrolleinnehavarane blir trekt fram som det beste ved filmen på The Rush Blog (rushblogg.blogspot.com). Skribenten finn mykje underhalding i actionen, trass i eit masete sidespor og for små kvinneroller. Eg er mindre engasjert av heilskapen, men det gir ein god peikepinn på kor sjarmen ligg. Den store eventyrforma fungerer best når gruppa får spele saman.
