Ein film eg hadde lyst å sjå som ung var The Three Musketeers. Så gjekk åra, og filmen har tidvis variert mellom å vere i gløymeboka eller ikkje bli prioritert. Fram til denne Disney-rike filmperioden rundt juletider. Dette er både litt dristig og spennande, men også litt for typisk og prega av si tid. Så eg kjem ikkje heilt under huda på filmen, men er glad eg endeleg fekk sett han.
