Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Tin Star (1957)

The Tin Star

Film
4

Henry Fonda og Anthony Perkins tilfører westernfilmen The Tin Star mykje bra. Me blir møtt med ein liten by full av bråk, og med ein ung og uerfaren sheriff. Når ein eldre og visdomsfull mann og tidlegare sheriff kjem forbi, blir han verande. Og meir skal eg ikkje sei om denne filmen. Det er ei enkel handling, men det er fantastisk skodespel og ein skikkeleg nerve på filmen. Eg likte han godt.

Byen rundt sheriffen får eit kritisk blikk på Reporting on Marvels and Legends (calvinpitt.blogspot.com). CalvinPitt meiner innbyggarane vil ha ein lettstyrt sheriff, men gir han lite hjelp og mislikar at han lærer av den erfarne dusørjegeren. Det gir den enkle handlinga ein interessant spiss. Bråket handlar då også om kva slags lov og orden byen eigentleg ønsker seg, og kven som får bestemme over henne.