The To Do List - Filmdagbok

The To Do List 2013

The To Do List er på sett og vis ein kurant oppvekstfilm, med handling og dialog som er eit hårstrå unna å vere for vulgær.

Året er 1993. Kort fortalt betyr det ein annan klesstil, teknologisk utstyr og ingen mobiltelefoner. Brandy Klark (Aubrey Plaza) er ein typisk skulenerd. Ho har ingen seksuell erfaring. The To Do List blir hennar liste over ting ho skal få gjort før college.

Og her såg eg for meg at filmen skulle feile markant. Eg såg for meg at han berre skulle få til å levere grove vitsar på rad og rekke. Men karakterane og kjenslene deira blir ein viktig del av pådrivaren for handlinga. Det er langt i frå å vere ein klassikar, og også eit godt stykke i frå dei beste high school-filmane som American Pie. Men det er bra nok.

Den viktigaste årsaka til at dette går an å sjå og held løpet ut, er assosiasjonane mine til tenåringskomediar frå 1980-talet. Tenåringskomediar er ein sjanger eg er i overkant interessert i. The To Do List er ein middelmåtig tenåringskomedie, med grove vitsar, sex, flaue situasjonar, oppveksttematikk, innpakka i den enkle strukturen som desse filmane hadde på 1980-talet. Så om ikkje filmen er fantastisk, så får han godkjent for å etterlikne ein sjanger som består av mange filmar som heller ikkje er fantastiske.