The Tortoise and the Hare - Filmdagbok

The Tortoise and the Hare 1935

Historia om skilpadda som kappløp mot haren er ein av Æsops fabler. Det er ei historie som er over 2500 år gammal. Historia gjer seg framleis godt i 2021 som ein Disney-filmatisert versjon frå 1935. Og eg reknar med at historia var god også i 1935 og for 2500 år sidan.

Dette er historia om den raske, innbilske haren som taper eit kappløs mot den langsame, men iherdige skilpadda. Kortfilmen er ein del av Silly Symphony av Disney, ein serie på 75 musikkprega teiknefilmar frå 1929 til 1939.

Dette er ei enkel historie, som nok er pynta litt på. Det er fargerikt, livleg, humoristisk og eit godt tempo. Det kjem ganske mykje ut av denne korte saken, og eg blei positivt overraska. Men frå no av vil eg kanskje ha eit litt meir bevisst forhold til Silly Symphony.