The Trip to Italy er oppfølgjaren til The Trip, ein film basert på ein serie om to venner som køyrer rundt for å prøve ut maten på restaurantar. Den eine av dei er restaurantkritikar, den andre er med fordi det er ein ledig plass på turen.
Steve Coogan og Rob Brydon spelar versjonar av seg sjølv, og brukar tida på reisa til å snakke om alt mellom himmel og hav. Dette var sant i dei førre filmane og serien, og det er det same her.
Eg likar deler av filmen, og synst humoren er lun og til å humre av. Men eg blir aldri så engasjert av karakterane eller situasjonen deira at eg blir oppslukt. Dette er ein typisk film eg må ta pause i undervegs, og dermed kanskje burde ha styrt unna. Samtidig likar eg ideen og utføringa nok til at eg vil sjå det.