Eg forventa ikkje all verda frå The Truth About Love, men fekk nesten bakoversveis av kor dårleg enkelte deler av filmen var utført.
Det som pregar heile filmen er dårleg filmmusikk og ei snodig lydmiksing. All tale høyres ut som det er lagt på i ettertid, og har ein litt rund tone. Det gir eit halvveges ubehag, som om nokon står å mumlar inn i øyre ditt.
Jennifer Love Hewitt snakkar også med ein forferdeleg dårleg britisk aksent, som blir forsterka av ei rar side ved lyden til filmen.
Handlinga er grei i seg sjølv, men noko middelmåtig utført. Det handlar om kjærleik, utruskap, og slikt. Sopass enkelt utført at eg får inntrykk av at dette er ein typisk produksjon som tv-film eller rett på video, men dette er ein kinofilm. Forskjellen for meg med desse er at av den siste blir det forventa at alt er på stell, men ein tv-film har eg større aksept for at det blir tatt snarvegar med.
The Truth About Love har nokon gode sider innimellom. Nok til å løfte filmen opp frå botnen. Men dommen er klar, styr unna.