The TV Set - Filmdagbok

The TV Set 2007

The TV Set med David Duchovny blei den andre filmen i dag. Han tar for seg heile prosessen frå idé til pilotepisode i amerikansk nettverkssamanheng. Meir spesifikk korleis ein briljant idé blir mørkbanka og pressa inn i eit format.

Dette er ein komedie med botn. Kanskje ikkje av den hysteriske typen som vil fengja alle, men for folk med store tv-interesse så er dette ein god film. Gode skodespelarar burde trekke opp for andre òg.

David Duchovny versus Sigourney Weaver er eit festleg skode. Sistnemnte bankar ut Meryl Streep i The Devil Wears Pradabitch-skalaen så det susar.

Oppbygginga til filmen er nok ein av dei sterkare sidene. Dette er ein ekte prosess som blir forklart over 90 minuttar, hoppar i tid ved dei rette plassane og får med seg essensen på ein måte som både informerer, kritiserer og underheld. Når filmen har eit mål så blir det mykje artigare å sjå på enn om det skulle vore ei laus historie basert på tv-nettverksarbeid.

Kvifor filmen ikkje har fått så mykje omtale etter at han blei lansert i april kan hende har noko å gjere med at Fox er involvert. Dei var som kjent involvert i lanseringa av Idiocracy tidlegare i år, som også var ein kritiserande film på eit underliggande nivå. Men det forblir i mine spekulasjonar.