Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Ugly Truth (2009)

The Ugly Truth

Film
3

The Ugly Truth er så lite overraskande som ein romantisk komedie kan verte. I tillegg er han så generaliserande at han burde ignorerast, men eg klarar ikkje å la vere å bli underhalde av nettopp det faktumet at filmen ikkje tek ein einaste sjanse på noko nytt.

Kvinner vert forelska med hovudet, medan menn vert forelska med kuken. Det er utgangspunktet til filmen. To karakterar som er som natt og dag møtest, og vert sjølvsagt i lag til slutt. Vegen mot målet er full av konfliktar og sjølvrealisering for begge partar. Det er passe underhaldande om du ser på enkelte scener og situasjonar som separate delar. Samanhengen er ikkje mykje å skryte av.

Katherine Heigl og Gerard Butler har dessverre ikkje kjemien som skal til, og sistnemnde ser ikkje ut til å sette spesielt stor pris på å spele i denne filmen.

Rangeringa min kan verke noko høg for ein film som får denne kritikken, og det er klart at det ligg og vippar på kanten mot nedover på skalaen. Men eg kan sette pris på det ukompliserte, og retninga filmen tek mot det lukkelege, sjølv om mykje rart vert sagt undervegs som eg ikkje er samd i.

Mark Pfeiffer på Reel Times (reeltimes.blogspot.com) finn langt mindre glede i den grove humoren. Han meiner at filmen brukar audmjukinga av Abby som underhaldning, utan å bygge ei truverdig tiltrekking mellom henne og Mike. Eg er også skeptisk til generaliseringane og det svake samspelet. Likevel fekk eg meir ut av dei enkelte situasjonane, sjølv om samanhengen og det romantiske grunnlaget er lite å skryte av.