- Filmdagbok

The Usual Suspects

Ein artig film med ein god vri. Vil bli hugsa.

Som følger av ei lastebilkapring i New York, blir fem svindlarar arrestert og tatt inn til avhøyr. Sidan ingen av dei er skyldige, planlegg dei ein hemnaksjon mot politiet.

Aksjonen går som planlagt, men så blir innverknaden til ein legendarisk kriminell meisterhjerne med namnet Keyser Söze merka. Alle fem svindlarane har på eit eller anna vis gått i mot Söze og må stå til rette ovanfor han.

Kven Keyser Söze er står igjen som den store greia med The Usual Suspects. Dette er ein film som fungerer godt både før og etter du veit kven det er.