Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Vicious Kind (2009)

The Vicious Kind

Film
3

I ein mørk periode av livet let Caleb (Adam Scott) det dårlege humøret gå utover den nye dama til broren sin.

The Vicious Kind er dryg, men ikkje ekstrem. Eit underliggande humoristisk preg på situasjonen er med og gjer filmen lettare å svelge. Kanskje det blir ei mindre seriøs handsaming av temaet av den grunn? Eller kanskje det hever filmen frå ei nitrist grop? Glimtet Adam Scott har i auge som skodespelar stadfestar iallfall at det er eit gjennomtenkt grep i uttrykket så vel som i manuset.

Amanda Ondretti på Amanda Ondretti (aondretti.blogspot.com) meiner den nølande latteren midt i dramaet gjer filmen meir menneskeleg. Ho rosar særleg Adam Scott for å finne denne balansen. Det er ein interessant måte å sjå humoren på. Eg er usikker på kor mykje som blir sittande igjen, men glimtet i skodespelet hans gjer at det ubehagelege ikkje berre blir tungt. Me får kjenne på kor vanskeleg det er å vite når det er greitt å le.

Det er litt gripande og artig, underhaldande nok, men diskutabelt om det er minneverdig.