The Vicious Kind - Filmdagbok

The Vicious Kind 2009

I ein mørk periode av livet let Caleb (Adam Scott) det dårlege humøret gå utover den nye dama til broren sin.

The Vicious Kind er dryg, men ikkje ekstrem. Eit underliggande humoristisk preg på situasjonen er med og gjer filmen lettare å svelge. Kanskje det blir ei mindre seriøs handsaming av temaet av den grunn? Eller kanskje det hever filmen frå ei nitrist grop? Glimtet Adam Scott har i auge som skodespelar stadfestar iallfall at det er eit gjennomtenkt grep i uttrykket så vel som i manuset.

Det er litt gripande og artig, underhaldande nok, men diskutabelt om det er minneverdig.