Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Warriors (1979)

The Warriors

Film
3

Då eg først såg kostyma i filmen måtte eg le, ikkje berre litt, men mykje. Dei er så glorete og ukule at det er til å springe naken av.

Christopher Lloyd på Captain Critic (captaincritic.blogspot.com) peikar òg på kor merkeleg filmen balanserer mellom alvor og det latterlege. Han skildrar gjengane som ei blanding av stammar og teatergrupper, der kleda blir ein del av ei stadig framføring. Det er ein interessant måte å sjå dei glorete kostyma på. Eg måtte le av dei, men dei gjer òg at dette New York verkar som ei eiga verd med sine eigne merkelege reglar.

Men ser eg bort frå kostyma og dei dårlege skodespelarjobbane som blir gjort, så er dette ein hardbarka film. I eit framtidig New York der gjengar er i ferd med å ta over styringa, skal det haldast eit stort møte for å samle gjengane. Leiaren for møte blir skoten, og vår gjeng The Warriors får skulda for mordet og hamnar i trøbbel.