Filmar om reising kan, om gjort rett, vere gode opplevingar og til inspirasjon. The Way var ein film som nesten fekk meg til å reise mot og gå El camino de Santiago.
Martin Sheen spelar ein mann som bestemmer seg for å gå heile denne pilegrimsvegen. Sonen hans døde då han gjekk der. Dei hadde ikkje noko nært forhold. Mannen angrar på dette og ønsker å få ro i sjela ved å gå i fotspora til sonen.
Han legg i veg. Undervegs ser me fantastisk natur. Samtidig møter han på interessante personar langs vegen. Det er omtrent sånn handlinga kan bli oppsummert.
The Way lykkast svært godt i den dramatiske tilnærminga si. Han har ein del humor som hindrar filmen i å bli ein depressiv affære. Eg blir til tider rørt, og som hinta til innleiingsvis så er dette ein inspirerande film til ei form for ferie eg kunne tenke meg. No er eg ikkje religiøs, men ein veg er ein veg.