The Way Way Back - Filmdagbok

The Way Way Back 2013

Duncan (Liam James) drar på ferie med mora (Toni Collette) og typen til mora (Steve Carell) som han ikkje kan fordra. At mora ikkje vil innsjå at typen oppfører seg dårleg mot Duncan, fører til at Duncan prøver å halde seg vekke frå dei den sommaren.

Han møter Owen (Sam Rockwell), som jobbar ved badelandet ikkje langt unna, og får seg sommarjobb der. Og med det føyer The Way Way Back seg til i rekka av sommarfilmar der handlinga sentrerer seg rundt badebassenget og sommarjobben til hovudpersonen der.

Dei mest sentrale tema for filmen er at dette er sommaren der Duncan veks opp, og problema med typen til mora. Dei er ikkje for seriøse, men seriøse nok for Duncan, og det speglar seg i filmen på ein god måte. Det får meg til å føle med Duncan, og mot typen til mora. Steve Carell har for meg hittil stort sett vore ein komisk skodespelar, men framstår her som ein truverdig dritsekk.

The Way Way Back er ein kurant sommarfilm, nøyaktig plassert mellom middels og best. Han er ingen umiddelbar klassikar, men få filmar er. Det største minuset med filmen er nok at hovudpersonen er litt kjedeleg, og at hans vaksne nye venn er for typisk slaur.