
The Weather Man
Dette verkar litt tomt, med ikkje spesielt interessante kommentarar frå ei forteljarstemme i ein kjedeleg kvardag til ein vêrmann. Nokon gullkorn dukkar heldigvis opp, men resten er verken tragisk bra, engasjerande eller særleg morosamt. Ut den siste delen av filmen går filmen eit hakk opp og gir gode poeng, som på ein måte er ganske banale i kvardagsleg samanheng, men som likevel blir ei overrasking å høyre i ein film av denne typen.
Nicolas Cage er kjedeleg, og det er sikkert meininga òg. Michael Caine er gammal og vis, ikkje fullt så oppdatert på bannord, men ein altfor typisk karakter. Forholdet mellom desse i filmen, i form av far og son fungerte likevel bra.
Den lite sjarmerande hovudpersonen fungerer betre for skribenten på The Review Revue (perplexio76.blogspot.com). Han meiner David kjennest menneskeleg nettopp fordi han ikkje er særleg lett å like, og finn både medkjensle og mørk humor i den mislukka kvardagen. Eg kjem aldri heilt dit. Forholdet mellom far og son fungerer, og dei siste poenga løftar filmen litt, men mykje av tida blir denne kvardagen meir tom enn talande for meg.
Elles klarer filmen å unngå mange klisjear. I mange av scenene sat eg å vente på at noko negativt skulle skje uansett kor vêrmannen gjekk, men ingen typiske overraskingar dukka opp. Det skal filmen ha. Noko anna gir eg han ikkje æra for. Han balanserer på kanten mellom grei og kjedeleg.
