Dette verkar litt tomt, med ikkje spesielt interessante kommentarar frå ei forteljarstemme i ein kjedeleg kvardag til ein vêrmann. Nokon gullkorn dukkar heldigvis opp, men resten er verken tragisk bra, engasjerande eller særleg morosamt. Ut den siste delen av filmen går filmen eit hakk opp og gir gode poeng, som på ein måte er ganske banale i kvardagsleg samanheng, men som likevel blir ei overrasking å høyre i ein film av denne typen.
Nicolas Cage er kjedeleg, og det er sikkert meininga og. Michael Caine er gammal og vis, ikkje fullt så oppdatert på bannord, men ein altfor typisk karakter. Forholdet mellom desse i filmen, i form av far og son fungerte likevel bra.
Elles klarer filmen å unngå mange klisjear. I mange av scenene sat eg å vente på at noko negativt skulle skje uansett kor vêrmannen gjekk, men ingen typiske overraskingar dukka opp. Det skal filmen ha. Noko anna gir eg han ikkje æra for. Han balanserer på kanten mellom grei og kjedeleg.