Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Wild Bunch (1969)

The Wild Bunch

Film
4

The Wild Bunch hadde eg mildt sagt store forventingar til, nesten like store som til The Searchers. Umiddelbart blei eg skuffa, då The Wild Bunch brukar lang tid på å klargjere kven som er kven.

På ei anna side er innføringa meir naturleg og blir gjort mindre tydeleg enn i mange andre filmar, noko som tilfører filmen ei heilt eiga drivkraft, som om han styrer seg sjølv. Etter det som verkar som evigheiter, kanskje 30–45 minuttar av filmen, byrjar det å forme seg for meg.

Det meste er på plass og eg får glede av dei følgande skytesekvensane, som er ganske ville. Og vala som blir gjort og samtalane som blir halde, dialogen er sterk og ideane til folk generelt smarte. Stort sett alt fell på plass og filmen om ein bande på rømmen nær og på grensa til Mexico blir berre betre og betre heilt fram til siste minutt.

Frank Showalter på Frank’s Movie Log (franksmovielog.com) meiner det sterkaste kjem like før den siste valdseksplosjonen, når vala til mennene får kjenslemessig tyngd. Det passar godt med at filmen veks for meg etter den trege innføringa. Dei ville skytesekvensane er mykje av gleda, men dei verkar sterkare når samtalane og avgjerdene undervegs har gitt banden eit liv utover sjølve actionen.