The Winning Season - Filmdagbok

The Winning Season 2009

På førehand såg eg for meg ein film eg har sett eit dusin gonger før. Ein miserabel trenar for eit high school-lag, med sigaretten i kjeften og stadig promille. Ein altfor kjent karakter, med dei same problema som alltid.

Vel, The Winning Season har denne karakteren til ei viss grad, men gjer ein god jobb med det. Så det betyr ikkje noko at det ikkje er så nytt. Samtidig er det ikkje berre ein miserabel person, men ein far som prøver å komme i godlag med dottera si. Og det er ei håplaust, men interessant og passe truverdig gruppe som utgjer laget han skal trene.

Eg heller mot å sei at The Winning Season gjer blant det beste som går ut av dette. Han oppnår å formidle personar og skjebnar eg vil sjå utvikle seg. Ikkje som er treng sjå opp til, men som strukturelt sett har eit driv i seg. Og det er både humor og eit par såre stunder som gjer at filmen vekslar mellom to fungerande motpolar som er komedie og drama.