The Wizard of Lies er ein film frå HBO om Bernie Madoff. Han har Robert De Niro i hovudrolla. Eg likte filmen fordi han tilnærmar seg historia om Madoff frå ein utanforståande og tilsynelatande upartisk ståstad.
Dette er ein fiksjonsfilm, og ikkje ein dokumentarfilm. Me har kjente skodespelarar som tolkar ekte menneske, knappe ti år etter dette skjedde på ekte. Eg kjenner ikkje til så mykje av detaljane i det som blir framstilt, men eg kan like filmatiseringa. Det som gjer det bra er fordi mykje av det som blir sagt i filmen, kjem frå karakterane. Det er mange meiningar om det som skjer. Stemma til filmen blir ikkje ei påtrengande og lærande stemme.
Ta karakteren Bernie Madoff, for å skilje på den ekte Madoff og han som Robert De Niro spelar. Han får tid og anledning i filmen til å vise seg både som dyktig og som ein skurk. Utan denne måten å vise dei mange sidene til karakterane på, så hadde The Wizard of Lies fort blitt overflatisk fjas.
Som ein annan film frå nyare tid om finanskrisa, The Big Short, så evnar The Wizard of Lies både til å gi eit godt innblikk i noko som har skjedd. Utan at eg veit kor mange av detaljane som er sanne. Og å underhalde.