Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Wonderful Story of Henry Sugar (2023)

The Wonderful Story of Henry Sugar

Film
3

Regissør Wes Anderson har sin eigen reindyrka stil og forteljarmåte. I den 40 minuttar lange The Wonderful Story of Henry Sugar får han rom til å dyrke stilen sin til det ytste.

Det går i eit med prat frå start til slutt her. Men sett bort frå at det kan vere utmattande, så er det ei både artig og interessant forteljing med får høyre. Og måten forteljinga har fleire nivå er fin.

Det høge forteljartempoet blir òg skildra av Glenn Kenny på RogerEbert.com (rogerebert.com). Han meiner forma underbygger innhaldet, og opplever Wes Anderson sitt presise uttrykk som særleg vellukka her. Eg ser godt kva han meiner, for nivåa i forteljinga er ein del av gleda. Samstundes kan den nesten uavbrotne praten vere krevjande å halde følge med.

Mest ein film for dei spesielt interesserte, og ikkje den mest tilgjengelege for publikum han har laga.