
The World's Fastest Indian
Ja, her var det ingenting nytt å hente, med du verda for eit fint drama. Anthony Hopkins byrjar å bli gammal, men har framleis igjen nok energi til å stå gjennom ein to timar lang film om fart og spenning.
Burt (Anthony Hopkins) er gammal, byrjar å bli skral, men har ikkje fått gjennomført draumen sin om sette fartsrekord med ei modifisert utgåve av ein Indian motorsykkel. Med andre ord er det på tide. For å gjere dette må han ha god plass til forsøket, og difor prøver han å kome seg til USA, frå New Zealand.
Det er ingen overraskingar i filmen, men det er ikkje det eg er ute etter når eg ser film av denne typen. Det er heldigvis ikkje så oppblåst som eit Disney-drama, men ein grei balanse mellom realitet og drama med god kjensle. Det finst forresten gode Disney-drama.
Også Ian Smith på Ian Smith’s UK DVD Review (ukdvdreview.blogspot.com) meiner filmen fungerer betre enn oppskrifta skulle tilseie. Han finn både klisjear og mykje sentimentalitet, men synest Anthony Hopkins gjer historia varm og oppløftande. Me er altså samde om resultatet, sjølv om eg opplever balansen som mindre påtrengande. Det avgjerande blir kor godt eg likar å vere med denne mannen på ferda, framfor om filmen finn på noko nytt undervegs.
