
The X Files
Filmen The X Files, også kjent som The X-Files: Fight the Future, er den første filmen som kom knytt til serien. Handlinga går føre seg mellom femte og sjette sesong, og strengt tatt burde eg ha sett denne når eg såg meg gjennom The X Files kronologisk i 2015.
Når eg no først ser filmen i ettertid av å ha fullført serien, så er det med avgrensa entusiasme, og ei innstilling som speglar at eg har gjort meg ferdig med The X Files for ei stund. Inntil ein ny sesong eventuelt dukkar opp.
I denne filmen handlar det om romvesen, altså den utanomjordiske mytologiske delen av The X Files. Ei oppdaging av eit virus, truslar mot Mulder og Scully, konspirasjon og The Smoking Man. Alt dette er på plass.
Eg kjeder meg litt av grunnane over. Ikkje berre fordi eg har sett fortsettinga som er serien frå sjette sesong og utover, men fordi dette ikkje er den heilt store filmen. Det drar ut og blir opplevd som ein altfor lang episode.
Ein stor episode kan også vere nettopp det ein ønsker seg. MaryAnn Johanson på FlickFilosopher (flickfilosopher.com) er svært begeistra for serien og finn mykje glede i konspirasjonane, overraskingane og spenninga mellom Mulder og Scully. Ho skildrar filmen som ein stor serieepisode med langt meir entusiasme enn eg gjer. Det understrekar kor mykje utgangspunktet betyr. Eg kjenner att ingrediensane, men har ikkje den same lysta på endå meir av dei.
Eg er ikkje heilt sikker på at det ville blitt opplevd sånn om eg hadde eit anna utgangspunkt, men når eg vurderer introduksjonen av ulike karakterar så fell det litt kort. Produksjonen i seg sjølv er god, det vil seie at han ser dyr ut og er det.
