The Year Without a Santa Claus - Filmdagbok

The Year Without a Santa Claus 1974

Frå 1974 kjem ein dukkeanimert tv-spesial med julenissen og kona hans. Førstnemnte har blitt forkjølt og lid ekstra under inntrykket av at ingen trur på han lengre. Kona hans sender ut eit par av hjelparane hans for å fyre opp igjen julestemninga.

Animasjonen er det mest sjarmerande med The Year Without a Santa Claus, som ikkje leverer meir enn ei relativt standard forteljing om å redde jula. Filmen er uskyldig og manglar brodd, men lykkast i å vere ei fin barneforteljing med fleire interessante karakterar og eit univers med større potensiale, som hevar interessa mi for det heile.

Ikkje alle historietrådane som blir byrja på blir fortalt ferdig, noko eg ikkje har noko i mot. Den tilsynelatande veldig avsluttande og lykkelege slutten blir meir enn som så når eg tar med desse trådane i vurderinga. Sidan eg rett nok ikkje er i målgruppa, då eg ikkje har nokon tradisjon med å sjå denne barnefilmen, er det fint å kunne ha moglegheita til å sjå på det einskilde vil kalle logiske brestar som udefinerte moment.