The Young Kieslowski var ei positiv overrasking og ein fin og enkel vri på ei kjent problemstilling. Filmen startar som ein passe lettsindig komedie, vinkla inn frå ståstaden til nerden, om oppstarten på college og slikt.
Handlinga går ut på at hovudpersonen gjer ei dame og medstudent gravid med tvillingar, og på eit vis må halde seg til det. Gradvis vender filmen seg mot å bli meir seriøs, i takt med psyken til hovudrolla vil eg sei. I tillegg er det både diskutabel oppførsel undervegs, og forholdet til personar rundt både han og henne.
Filmen behandlar altså både det seriøse og komisk på ein god måte. Ei god blanding, som aldri gir slepp på verken det eine eller andre.
Utan å grunngi ein film med utfyllande skildringar av karakterar og gangen i handlinga kjem formuleringane mine til kort. Eg er ingen ordkunstnar, men lar heller min interesse og mengde sette filmar i denne ungdommelege drama-, romantikk- og komediesjangeren tale for seg, når eg påstår at The Young Kieslowski skil seg ut som ein ekstra god film og fortener ei anbefaling.