They're a Weird Mob - Filmdagbok

They're a Weird Mob 1966

They're a Weird Mob er eit portrett av møtet mellom ein veldig italiensk mann og eit veldig australsk Australia. Spesielt språket som barrikade i dette møtet er framheva og klart.

Det handlar om dei ulike måtane du kan møte eller ta i mot andre kulturar på, og det heile er sett på spissen ved at Australia som sjølv er bygd på innvandring er staden dette skjer.

They're a Weird Mob lykkast både i sin enkle kulturkrasjhumor og framstillinga av ein meir seriøs kamp for å bli godteken som ny landsmann. I størst grad vinkla positivt blir det òg lun underhaldning.