Interessa mi for amerikansk 1980-talsfilm, spelet Hotline Miami, musikksjangeren synthwave og ei god oppleving når eg såg Manhunter av Michael Mann i fjor, gjorde at eg enda opp med å sjå Thief.
Thief har musikk til å legge merke til, James Caan i hovudrolla, og ei handling som er både enkel og elegant utført. James Caan spelar bilseljaren Frank som er diamanttjuv på si, og ekspert på det. Då ein medsamansvoren blir drepen, kjem Frank i kontakt med ein mektig gangster som tilbyr Frank jobb.
Det er ikkje så mykje kva filmen handlar om, men måten han er utført på, som gjer han god. Ei intens og lang scene med øyredøyvande musikk set stemninga frå første minutt. Drivet i filmen er ikkje det største i byrjinga, men Frank køyrer rundt og etablerer nettverket for oss å bli kjent med. Siste halvdel av filmen skjer det meir. Lengre samtalar blir erstatta med meir musikk og action, og det er lett å gløyme verda utanfor filmen eg ser.
Hadde det ikkje vore for det stilige visuelle, den effektfulle musikken og ein flott variasjon med dialogrike og dialogfattige stunder, så hadde Thief blitt gløymt som ein enkel heist-film med litt gangsterkrim i. I staden utmerkar han seg som ein film eg gjerne kan anbefale, igjen mykje på grunn av musikken.