Thirst - Filmdagbok

Thirst 2009

Vampyrfilm er populært, og for å tilfredsstille folket har eg avgjort å skrive eit par velvalde ord om Bakjwi, som på engelsk heiter Thirst.

Først skal det nemnast at Bakjwi er ein god film. Han er sør-koreansk og laga av Park Chan-Wook, som mellom anna har laga Oldeuboi. Så er Bakjwi ein lang film, men det går fint fordi han heile tida utviklar seg, innanfor ei historie og med overgang til nye. Dei som har sett film av Park Chan-Wook tidlegare vil kanskje forvente brutale scener. Det blir levert, men dei stel ikkje showet.

Humoristiske innslag som eg stort sett set pris på i sør-koreansk film, er det passe mange av til at dei fungerer som avbrekk og lettar på stemninga. Det var lett å merke at publikum sette pris på desse i den elles så mørke tematikken, og publikum under filmklubbvisingar er godt over gjennomsnittet til å hente ut fornuftige inntrykk av.

Framstillinga av vampyrskapninga er gjerne grunnlag for diskusjon når nyskapande variantar kjem på bane. Kor nyskapande vampyrane er her har eg ikkje nok kjennskap i sjangeren til å uttale meg om, men deira avstand frå ei dyrisk framstilling var ei eg sette pris på — her er det ingen tenner som glefsar.

Filmen er verdt å få med seg både for vampyrelskande filmsjåarar og vanlege. Om kanskje ingen kandidat for topplassering på årslista mi, så fin å sjå på kino. Både for variasjonen og underhaldninga sin del.