
Thor: The Dark World
Ukonsentrert og likegyldig sette eg i gang med Thor: The Dark World ein søndagskveld i mars, i håp om at filmen skulle levere ei god historie i tillegg til den forventa mengda av dataanimert spetakkel.
Med dette utgangspunktet var første timen av filmen heller lang å komme seg gjennom. Ikkje nødvendigvis dårleg eller kjedeleg, men det var heller ingenting her som fanga merksemda mi skikkeleg og lokka meg til å bli sittande. Difor blei det eit stykkevis løp, og mitt totale inntrykk av filmen er prega av at eg såg filmen spreidd over tid.
Filmen bygde tydelegvis likevel opp til noko, og i andre halvdel kom påskjøninga. Ingen stor gevinst, men her klarte filmen på betre vis å innføre vedvarande spenning og andre greier som gjorde at eg blei sittande samanhengande.
Thor: The Dark World er ein unekteleg vakker film, reint visuelt sett. Men det spektakulære har dei siste par åra begynt å bli slitsamt. Det tar så stor plass, og det blir så lite rom til fantasien. Det er ein stor del av greia med teikneserieadapsjonane, så eg skal heller ikkje kritisere Thor: The Dark World for mykje for dette, men filmen hadde blitt betre om han brukte klassiske verkemiddel som å spele på det ukjente. Det sagt, dette er på langt nær verstingen på dette område.
Det filmen lykkast best med er komikken i møta til Thor med vår vanlege verd. Mens Kat Dennings er meint som det artige innslaget i ei rolle som mislykkast fullstendig. Mens scener som Thor i ein Volvo til å humre av. Det er synd at eg berre humrar tre gonger i løpet av filmen.
Cameron Lee på Squinting through Fog (the-fog-blog.com) finn også glede i dei små komiske møta mellom den høgtidelege guden og kvardagen. Samstundes saknar han ei sterkare kjenslemessig kjerne bak dei mange slaga. Det er ei innvending eg kjenner meg igjen i. Det vakre og spektakulære er på plass, men dei enkle reaksjonane i ei vanleg verd gir meg oftare noko å humre av enn dei store oppgjera gir meg noko å bry meg om.
Til slutt vil eg sei at eg har lite å seie om Thor: The Dark World si historie, sin struktur og om filmen leverer god underhaldning eller leverer bra i ein teknisk og historisk kontekst. Grunnen er at eg ikkje er interessert nok i frå starten av, og lar det gå utan den store innlevinga eller kritiske observasjonen.
Det gode mot den vonde er lett nok å få fatt på. Karakterane i filmen har klare mål dei skal følge. Utføringa og samantreffa tenkte eg derimot lite på.
