
Three Night Stand
I Three Night Stand reiser ein fyr på tur med kona si til ein avsidesliggande bed & breakfast. Der møter han på ein tidlegare kjærast, som har kjøpt opp plassen. Det viser seg at han framleis er opphengt i ho, og ting snur for det verre.
Denne kanadiske lågbudsjettsfilmen blei sett i forbifarten. Eg hadde låg forventingar med tanke på tittelen og handlingsreferatet, men pleier å vere open for det meste når det gjeld komediar. Three Night Stand er ein under middels film, men på langt nær det verste eg har sett. Her er det både morosame stunder og artige karakterar. Det er over tid og i samanheng at filmen ikkje klarer å levere.
Djevelen er i detaljane blir det sagt. Det er også sant at ein ekstraordinær film er sett saman av gode detaljar, mens Three Night Stand gir inntrykk av å glatte over alt. Store strøk og alt det der. Det gir filmen eit billeg preg, slik som filmar laga for tv gjerne har.
Når eg skriv dette ei god stund etter å ha sett filmen, så er han trass i alt friskt i minne, og har gjort eit inntrykk på ein eller annan måte. Eg vil ikkje anbefale han, og gir poengsum deretter, men klarar heller ikkje å avfeie han heilt. Så dersom du har sansen for svært enkle filmar, sjangerblanda av komedie, romantikk og drama, og likar det andre eg har skrive om Three Night Stand, så kan det godt hende denne filmen er for deg.