Tre venner bur i lag. Ein av dei er vaktmeister i bustadkomplekset. Då naboen forsvinn tar han seg inn i leilegheita til naboen og finn eit gigantisk kamera som kan ta bilde av fortida. Men på grunn av storleiken berre av stova til dei tre vennene, gjennom stovevindauge.
Med kamera kan dei vite om framtida, og dermed kommunisere 24 timar tilbake i tid. Dette gjer dei ved å planlegge på førehand at dei vil for eksempel skrive ein beskjed og henge han opp på vindauge, noko som gir store moglegheiter.
Thriller som dette er, så tar historia ei mørk vending.
Time Lapse baserer seg på eit interessant konsept, noko som lenge er med på å bere filmen. Men det skin etter kvart gjennom at dette eigentleg er eit middelmåtig manus, og at det skjer lite interessant. Dette medfører at filmen lenge består av mykje snakking og spekulasjonar, som er heilt greitt, trass i at det blir kjedeleg. Og at det plutseleg, etter lang tid, tar av med mykje vald, kriminelle element og vendingar. Ein ubalanse enkelt sagt.
Det totale inntrykket er at Time Lapse hadde vore tent med å vere ein større og meir omfattande film frå starten av, for å dekke over svakheitene i den tynne historia.