Timecop - Filmdagbok

Timecop 1994

Då ei tidsmaskin blir funne opp dukkar behovet for eit kontrollorgan eller tidspoliti opp. Karakteren til Jean-Claude Van Damme er midt oppi dette.

Ein mann i eit lykkeleg parforhold er utgangspunktet for karakteren hans. Så lykkeleg at noko fælt er nøydd til å skje. Og då er det opplagt at kjærasten hans blir drepen.

Me rører oss nokon år framover i tid i historia, og mannen har blitt tidspoliti. Det er mykje trøbbel som skjer, då andre nyttar teknologien på ulovleg vis. Eksempelvis ved å dra tilbake i tid og gjere ei investering eller eit drap som får konsekvensar.

Historia til Timecop er interessant, og kan til tider minne litt om den nyare filmen Looper. Det er når alt kjem til alt ein ikkje altfor dyr actionfilm, men ein fornøyeleg og gjennomsnittleg god ein.

Trådane er fletta fint saman, og totalen er ikkje spesielt komplisert. Nokon interessante vendingar som ikkje skal bli nemnt gjer at eg er interessert stort sett heile vegen. Mens andre enkle utføringar kjedar meg.