TiMER er eit match making-konsept. Kunden får eit armband som viser nedteljing til då dei skal møte sin utvalde. Når dei møter den utvalde seier armbandet pling. Og for dei som ikkje har ei nedteljing betyr det at sjelevennen ikkje har armband.
Det er dette som den romantiske komedien TiMER byggjer på. I hovudrolla er Emma Caulfield, ei 40 år gammal dame som spelar snart 30. Emma Caulfield var med i Buffy the Vampire Slayer i si tid, og det er stort sett alt eg veit om ho. Ingenting av dette har med filmen å gjere.
Rolla til Emma Caulfield er ei av dei som ikkje har nedteljing på armbandet sitt. Ho byrjar å lei av å vente. Så møter ho ein lovande fyr som ikkje har armband.
Det høyres ut som tusen gonger før, men det fungerer. TiMER-konseptet gjer det passe annleis, og får både oss og karakterane i filmen til å stille nokon spørsmål. Så altfor original er verken oppbygginga eller dialogen, men karakterane er lette å like og stemninga er god.