
Tiny Furniture
Lena Dunham har skrive manus, regissert og har hovudrolla i Tiny Furniture. Ein film om ei jente som har fullført college og flytta heim igjen til mora og søstera.
Lena Dunham har med både Girls og Tiny Furniture vist at ho kan lage historier om smått bortskjemte New York-jenter. Viss problem nødvendigvis er å velje kva dei har lyst til å drive med, ikkje kva dei må for å overleve.
Verken problematikken, humoren eller enkeltpersonane i Tiny Furniture interesserer meg. Men eg vil ikkje direkte avvise filmen. Mi bedømming er ein smakssak, då eg tykte at filmen var tom.
David Blakeslee på CriterionCast (criterioncast.com) finn meir menneskeleg innsikt i desse små problema enn eg gjer. Han meiner Lena Dunham fangar usikkerheita bak dei sjølvopptekne samtalane, og kjenner igjen noko som går utover det privilegerte miljøet. Eg kjem ikkje så nær personane. Det er ikkje nok at filmen viser eit gjenkjenneleg tomrom når korkje humoren eller vala deira gir meg noko å bry meg om.
