Tiny Furniture - Filmdagbok

Tiny Furniture 2010

Lena Dunham har skrive manus, regissert og har hovudrolla i Tiny Furniture. Ein film om ei jente som har fullført college og flytta heim igjen til mora og søstera.

Lena Dunham har med både Girls og Tiny Furniture vist at ho kan lage historier om smått bortskjemte New York-jenter. Viss problem nødvendigvis er å velja kva dei har lyst til å drive med, ikkje kva dei må for å overleve.

Verken problematikken, humoren eller enkeltpersonane i Tiny Furniture interesserer meg. Men eg vil ikkje direkte avvise filmen. Mi bedømming er ein smakssak, då eg tykte at filmen var tom.