Titanic - Filmdagbok

Titanic 1953

Me veit alle kva som skjedde med Titanic i 1912. Skipet køyrte på eit isfjell og sokk til botn i det iskalde Atlanterhavet. Nær 1500 personar omkom og berre 700 overlevde. Vraket ligg på 3800 meter djupne.

Denne filmatiseringa frå 1953 har ein fordel av at det er ein av dei kortaste. Mesteparten av filmen handlar om personane om bord og samtalane deira. Sjølve ulykka er over på kort tid. I samanlikning med Titanic frå 1997 er dette som å blunke, så er det over.

Det blir ikkje den store spenningen, noko eg forventar av ein film som denne kor eg veit kva som skal skje. Det skal vere litt som ein skrekkfilm, der du ventar på å bli skremt, eller synest det er ubehageleg.

Forutan å nemna av skodespelarane gjer ein god jobb, så har eg ikkje så mykje meir å seie om Titanic.