
Titanic
James Cameron sin allereie legendariske og svært innbringande film om skipet som ikkje kunne søkke, men som ei kald natt i april 1912 likevel sokk, er den ultimate blockbuster-en.
Dei den gongen unge stjernene Leonardo DiCaprio og Kate Winslet er dei to sentrale karakterane i ei rørande kjærleikshistorie, som me veit vil møte utfordringa forliset skapar.
Eg voks opp med ei bildebok der bilde av både skipet i full stand, teikningar av det, og dei første bilda som vart teke av vraket, vart portrettert. Då Titanic kom i 1997 var eg eigenleg litt for ung, men hadde så lyst å sjå filmen at eg fekk lov.
Sjølv om Titanic skyt litt for breitt for smaken min, ved å skulle vere ein film om alt for alle, så likar eg kjærleikshistoria og bilda av skipet. Mange av verkemidla undervegs og kva karakterane gjer fall ikkje i smak, men er noko eg kan oversjå i ein elles solid film som dette.
Matthew Deapo legg merke til ei ro eg ikkje først og fremst forbind med denne store filmen. På Kinetoscope Film Journal (kinetoscope.org) meiner han at stille augeblinkar, fotografering og musikk skaper nærleik midt i det veldige formatet. Samstundes finn han både overspent dialog og noko stivt skodespel. Det er ein interessant kombinasjon av innvendingar og begeistring. Eg synest framleis filmen vil for mykje, men kjenner igjen at dei sterke bilda og kjenslene kan bere han langt.
