TMNT - Filmdagbok

TMNT 2007

Skilpaddene frå 1980- og 1990-talet er tilbake, no i 3D-animert form. Personleg har eg aldri hatt noko forhold til verken filmane, teikneserie eller serie frå tidlegare, og fekk såleis vurdert korleis dette fungerte for nybyrjarar.

Leonardo har vore bortsendt på leiarkurs mens dei andre har hatt dårlege jobbar. Når han kjem tilbake tar det ikkje lang tid før det blir fart i byen og gjengen må stå samla mot monster og steinsoldatar. Introduksjonen er effektiv og eg kjem fort inn i historia rundt Turtles, og fort nok inn i filmen si kjerne.

Med sine 75 minuttar er denne filmen perfekt i lengde, proppa med spenning i nydeleg animert drakt og historie som ikkje prøver å gå rundt grauten. Animasjonen ligg nær teikneserie i stil og er heller ikkje teknisk briljant, endå nokon effektar imponerer. Dialogen, som står i stil med filmen og handlinga, er ikkje meint for den mest kresne.

Eg blir glad når det dukka opp alternativ animasjonsfilm til den vante dyrehagegreia som stadig rullar over skjermane, og hoppa altså fort over TMNT. Det raske vedtaket lønna seg nok, for sjølv om filmen tydeleg er retta mot dei litt yngre, så er dette fart og spenning som den ungdommelege vaksne kan ha glede av.